A thousand moods

09/02/2010

Ingrid er forbanna

Ingrid er åpenbart irritert.

Irritasjonen har gått over i å ikkje forstå kvifor folk kan vere så gjennomførte evneveike idiotar.

Ingrid flørtar med deg.

Ertande

Her kosar eg meg med å lage kvadruppelhake

Og her lagar eg midtskill. Synes det er kjekt.

Ein falsk gjesp.

Skrekkeleg overraska og forundra

….

Smilar med heile perlerada

Mjaaa. Skeptisk.

Telefontrøbbel

09/02/2010

SNØ! og engelsk. Drit.

Nuvel. Nye bevis på at verda hatar meg viser seg i dag. Eg satt i går, til dømes, og hadde ein lengre samtale med Katrine om diverse viktigheiter. Som alltid. Og PLUTSELEG, eg meinar, heilt ut av det blå slo telefonen min seg SJØLVSAGT vrang og ville ikkje sende fleire meldinger. HALLO! Eg har DJuice NonStop. SOM betyr at det er GRATIS for meg å sende meldinger! G R A T I S. Og så forbyr dei meg å sende meldinger?! AH! Berre TENK på kva summer eg taper på dette. Eg betalar 350 kroner på å sende gratis meldinger, og ikkje at eg brukar det så veeeldig mykje, men når eg ikkje FÅR LOV!! Ah, det kokar. Eg har sjølvsagt sendt ein mail til Telenor men eg har ikkje fått noko svar så eg skal ringe til dei no. Og i og med at det kostar TJUEFEM kromer per samtale så BØR dei fikse det.

Og ikkje kom med noko smartmouthkommentar som at eg bør prøve å slå av og på telefonen. For det har eg prøvd. Eg har og prøvd å ta ut og inn simkortet OG vente ei natt for å sjå om det forsvinn av seg sjølv. NEI; eg er ikjke evneveik.

OG eg har betalt rekninga mi. Aaa! Abstinensar.

OKEEI. Eg skal vere den fyrste å innrømme det, fordi ALLE har tydeligvis funne ut at det er teit å mislike forandringar med Facebook. Det gjorde vi alle før, men skilnaden no er at forandringane faktisk ER dumme og dei forandringane vi hadde før var heilt overkommelege. Problemet mitt er då sjølvsagt hendingar. Eller Happenings eller events eller kva det heiter for de wannabeengelske der ute. FORDI dei har gøymd bursdagane. Eg meiner.. Eg veit kvar dei er, men det første eg gjer når eg loggar på Facebook er ikkje å sjekke nye hendingsinvitasjonar!! Og det er der dei er! No kjem eg til å gløyme av å seie gratulerer med dagen, som HALLO: er ganske viktig!! Ein gratulasjon frå Ingrid Wold er som gull frå Antarktis.. når resten av gullet i verda er radioaktivt (akkurat som i Goldfinger!). Altså. Viktig!

Uansett. Eg har slaskedag i dag. Fint og flott!!

Shabby chic. Som det heiter.

Høyrer på den nye songen som eg har fått på hjerna! Yes! Nancy Sinatra – Drummer Man (2006 Digital Remaster) (Feat. Hal Blaine)

Eller. den er vel strengt tatt ikkje ny i det heile, men for meg er den det. Nancy Sinatra. Åh klasse!! Skal vel egentleg kredittere Henning (fredrik?) for denne oppdaginga då. NICE i alle fall. nice.

Dagen etter mgp

07/02/2010

Melodi Grand Prix. NEI, eg kan forvisse dykk om at det IKKJE er gløymd.  Det var forsåvidt verre i går, så tida leger vel alle sår. Men det kjem til å blusse opp att i mars eller mai eller når det er den der finalen skal vere då.

Og. “MYKJE heller Didrik enn A1 og BJ Muri! Han Didrik-karen kan i alle fall å synge!! #mgpwin”

Eh. Nei. IKKJE mgpwin. Eg er samd i det, at Didrik kan å syngje. Men alle veit no det at det er det minste kravet for å vere med i Grand Prix. KVAR gong Noreg (som eg kan hugse, og eg hugsar best han der Halvor-fyren med den lange frakken og pianoet) har hatt ein ballade så har vi komme på sisteplass!! Eller i alle fall blant dei ti siste. Og det er no greit det, men om vi hadde unngått å hamne SÅ langt nede så kunne vi i alle fall fått vore med til neste gong. Berre vent du! Berre vent! Når Noreg hamnar på den dårlege halvdelen av lista og syng seg ut av konkurransen! Når eg får rett!!

Uansett.Går over til litt andre tema her. Har de merka at Facebook har forandra seg? Var det berre eg som brukte 10 minutt på å leite etter logg ut-knappen, som hadde gøymd seg langt inni eit hjørne? Vel, eg veit kvar han er no då. Solveig viste den til meg, så alt vel! Alt vel.

Andre nyhende: snøven er her framleis, lagar problem for humøret mitt. Og endå verre kjem det til å bli når regnet kjem. For det kjem til å komme.

Håret mitt byrjar å bli langt igjen. Kva skal eg gjere? Klippe det eller spare til langt hår igjen?

Og jaa. Du ser riktig.. Det ER Luke Skywalker.

Eg var ganske fin med langt hår!

Ok då. Så var det kanskje ikkje meg på det biletet.

Men unasett: Langt eller kort hår?

mgpFAIL

06/02/2010

Eg såg Meldodi Grand Prix i kveld. Det verker som at Noreg er ganske nøgd med vinnaren.  Men så eig openbart ikkje Noreg hjerne eller musikksmak då.

Eg lurer faktisk om nokon såg finalen eg. Og om dei såg det eg såg. HALO? Didrik. (omtalast heretter som Herr Fløtefjes). Å kor kjekt hadde det ikkje vore å sendt KOK, eller metallgutane som eg likar å kalle dei, til finalen. Fått nokre ordentlege reaksjonar frå folk, og latt dei føkke opp heile driten. Med alle metalentusiastane frå søreuropa hadde vi i alle fall ikkje komt på sisteplass då. Etter mi meining var sigeren for Herr Fløtefjes rigga av krinkastingsrådet, som ikkje har lyst til å betale for Eurovisionfinalen eitt år til. Så dei valte altså ein sikker tapar. Men kunne dei ikkje valt ein slik at vi SLEPP å havne blant dei tjue dårlegaste og ikkje kome med i det heile neste år? Det er jo fint å kunne vere med då, i det minste.

For å seie det sånn. I kveld har dei førtiårgamle husmødrene fått bruke sms-skillza sine.

Men no er det på tide for å anmelde litt artistar her!

Maria Haukaas Storeng – må innsjå at ho aldri kjem til å vinne Grand Prix og SLUTTE å delta. Få seg ein hobby liksom. No er ho ikkje berre idol-maria eller mgp-Maria, men dobbelmgpogidol-Maria. Eg hadde ikkje våga å vist meg i offentlegheita.

BJ Muri må jobbe med ansiktet sitt. Det ser ut som at han skal drite kvar gong han ser i kameraet. Dansemoovsa var forøvrig meget gjennomførte, sjølv om dei var latterlege.

Herr Fløtefjes må slutte å syngje “my hard is yours” i staden for “my heart is yours” for det kan lett mistolkast.

Venke Knudson … var det berre eg som fekk Barbie-girl assosiasjonar med den songen?

A1. Gode gamle A1. Slutt å prøv dykk på comeback, ver så snill? Og kven det var som sa til dei at å gjere comeback gjennom mgp skulle vere nykjelen til suksess? For dei er i tilfellet heilt desillusjonerte. Det kalles SOCIAL SUICIDE.

KOK. Jaja… Spenstig? Fine bukser? Hadde de tenkt dykk godt om, hadde de nok skjønt at dette ikkje kom til å bere fram noko frukter. Men kjære vene kor artig det hadde vore å sendt dykk til finalen. Føkka opp heile driten.

Og så han der wannabe Morten Harket blanda med Depeche Mode og Pet Shop Boys? Det han gjorde med ansiktet sitt under forestillinga… Eg kjem til å ha mareritt i fleire veker.

Alt i alt: mgpFAIL. Flaut.

Og JA eg brukte laurdagskvelden min saman med Solveig og Emilie og vi såg Grand Prix og vi KOSTE oss, gjorde vi. Vi åt eggedosis og.

Eggedosis er som å ete skyer.

Ein tilleggsfunskjon på Facebook eg syns er meget underhaldande er notat. Spesielt sidan eg har 500 000 amerikanske vener og dei alltid legg ut dei emo dikta sine, songar dei har skrive eller andre spørjeundersøkjingar. Gjerne i Caps Lock. I dag fann eg I LOOKED UP MY NAME ON URBAN DICITIONARY AND THIS IS WHAT I GOT

Så: www.urbandictionary.com

Eg fekk mange snille. Og så fekk eg ein litt utenom det vanlege, men kan karakteriserast som snill den og

Ingrid -

A Beatiful Woman who likes to sing everything she says!

Ray: Ingrid what time is it?

Ingrid: It’s 7 ooooo ohh oh oh Clock!
Ray: Thats soo frickin’ cute!

Denne fekk eg:
coolest asian person on earth, likes anime, means beautiful, and always right, loves long walks on the beach and frosted cheerios.
ingrid pones everyone on gunz.

Denne:
some scene hoe, who thinks she can get any guy she wants .
has a best friend stephanie , and over 2.5k on myspizzle.

very easy to gun on .

“Did you see michelle hook up with mat?”

“wow shes such an ingrid”

Det var ikkje kult sagt. Og eg har ikkje ein besteven som heiter Stephanie OG eg har ikkje 2500 venar på MySpace. Evt MySpizzle. Eg har 2.

Og den siste, som eg ærleg tala ikkje veit om er positiv eller negativ.
a bro-hoe, a girl that goes to hart and play tenis
ingrid is a bro-hoe, ingrid is a bro-hoe

Spørsmål som heng att: kva er ein bro-hoe? Er det nokon som rotar med broren din? Betyr det lesbisk? Og så er det forklaringa da: a girl that goes to hart and play tenis. Kva er tenis?
Eg søkjer på bro-hoe på Urban Dictionary og får:
A girl who has the mentality of a guy. They don’t give a shit about the latest trends or who’s been fucking whom. Basically a girl who is considered one of the guys and has no problem with burping or wrestling.
Tenis:
A tiny, small, or miniscule penis.

Pronounced: Tee-nis.

“Jonathon, does your tenis hurt?”

Då har vi allefall fått vite det.
Eg tok akkurat ansvaret for å definere “ingridwold” på urbandictionary, men den er ikkje komen fram enda.

Haha. Eg reknar med at alle var innom her og las innlegget eg skreiv i går? Vel. Nokre gongar overraskar eg meg sjølv over skriveleifar som av ein eller annan grunn verkar heilt logiske i det eg skriv dei. Eg vil berre sitere meg sjølv:”1. Eg har ein meir negativ enn folk flest.” Jaja. Eg har ein meir negativ eg, det har eg ja. Ein negativ kvafornoko? Ein negativ! Vis du har to positive ja, då har eg ein meir negativ. Uansett. Eg lo i alle fall. Kanskje ser ikkje de den same humoren i dette, som eg gjer, men det er fordi de har alle saman dårleg humor og ikkje ser underhaldning i norsk rettskriving.

Uansett. I går sat eg og hadde eit lite keisamt augeblikk på skulen og søkte opp “svada” på Google, berre for å sjå kva eg fann. Og kva fann eg? Jo, min eller din(?) potensielle boytoy, Tor med hammern. Enjoy.

Vil gjerne berre sitere: “hilsen gutten i røyken..hæhæhæ”

Sjarmerande.

Men for de veteranlesarane min, hugsar kanskje at eg hadde ei lita spalte som heitte “ingridwold gjer deg dagens tips”? Eg hugsar faktisk ikkje om det var akkurat det den heitte, men det innheldt i alle fall tips! Av beste sort!

I dag tar eg opp att den spalta.Trommesolo! Trommesolo! Hald deg fast!!!

Ingridwold gjer deg dagens tips!

Det der var omlag toppen av alle effekter eg kan ha på skrifta mi. Tok sjølvsagt den styggaste fargen eg kunne finne.

1. Gjer som Ingrid Wold og slutt to timar tidlegare på torsdagar slik at du kan ta bussen heim ein halvtime tidlegare og kose deg heime i staden!

Det var litt mørkt her, så eg måtte vege opp emoeffekta med å smile. Eg har kalt biletet “glad”.

2. Gjer som Ingrid Wold og lat vere å lese på engelskprøve før det lir så langt at ein faktisk er nøydd og leggje seg, men i staden sit og les og blir så trøyt at ein er øydelagt resten av helga.

Eller vent. Ikkje gjer akkurat det. Eitt tips kan vere å lære av Ingrid Wold sine feil.

3. Ha på deg stillongs! Det er kaldt ute.

4. Gjer som Ingrid Wold og høyr på denne songen: Marina And The Diamonds – Mowgli’s Road – Single. Du har sikkert høyrd han før. Det trudde i allefall eg når eg høyrde han. Men eg hadde ikjke høyrd han på radio. Eg tykkjer den er kul i alle fall. Tydelegvis ein hype i England, har eg forstått det riktig. Så skal eg berre ta opp att ein litt smågamal song (ikkje så veldig gamal då, men ikkje ny) av the kooks, med skikkelig feelgood aukustisk gitarspel. Kjekt. The Kooks – Tick Of Time

No er det snart middag. Så skal eg lese til engelskprøve og så skal eg på butikken og postlegge litt hjartepost! Kjekt tiltak. Eg gler meg til eg får min pakke.

10 ting om meg

03/02/2010

Ti ting om meg sjølv! Visste du dette?

1. Eg har ein meir negativ enn folk flest.

2. Det verste eg veit er folk; positive folk, folk som ikkje veit kva dei snakkar om og idiotar.

3. Eg trur eg er veldig planlagt og prøvar å vere laid-back til ein kvar tid, men er egentleg veldig impusliv og forandrar meining ofte og er meir stressa enn avslappa.

4. Eg tykkjer tær er det eklaste på menneskekroppen, og foretrekker heller ein italion stalion iført tennissokkar enn ein italion stalion utan tennissokkar. Tær er IKKJE sexy.Faktisk berre heilt usexy.

5. Eg likar ikkje Lady GaGa. Eg likar ikkje heile Lady GaGafenomenet, eg likar ikkje poker face, eg likar ikkje Bad Romance. Der. Der sa eg det. Eg likar ikkje TikTok heller.

6. Eg er kristen. Trur på Jesus og Gud, og at eg får bu i himmelen når eg døyr. Eg trur på at Jesus døydde for meg. Kan dessverre ikkje definerast som gladkristen da. Eg er kristen, men eg er ikkje glad. Sjeldent i alle fall.

7. Yndlingsbloggaren min er Linnea Myhre.

8.  Eg er ikkje ei bitter og einsam lengre. No er eg berre bitter.

9. Eg har ein hemmeleg crush på Trond Espen Seim. (Han som spelar Varg Veum).

10. Eg elskar mais og brukar å kjøpe 4pakningar med hermetiserte maiskoblar, varme dei i microbølgjeomnen og ete dei som snacks heime. Jepp.

Statusoppdateringar

02/02/2010

KVIFOR? er alle saman borte slik at vi må ha vanleg norsktime i staden for særemneframføring? Eg hadde nesten gløymd kor fysisk vondt det er å ha norsk.

Herlighet folk er så skada.

I går prøvde eg og Andrea å statuere eit døme på korleis folk ALLTID har ein irriterende trang til å fortelje alle kva dei gjer på til ein kvar tid på Facebook.Eg skreiv dette, og var på god vei til å publisere den.

Typisk at dette kjem:

Sjølvsagt var det ingen som tok poenget uansett. Idiotar. Og no! Er e her og FORKLARAR poenget på bloggen..

POENG: eg treng ikkje å vite kva du gjer på til ei KVAR TIIID. Det er teit! TEIT.

Andrew Bird – Oh No Eg likar songar som har plystring i seg.

Hei, hei de. Alle saman. Hei og hå.

No sit eg på skulen. Det er måndag. Eg har hatt gym. No har vi historie, og den naive læraren vår har forlatt oss i god tru om at vi sit og leser og noterar. Altså. Eg tvilar ikkje på at det er nokre av dei andre som gjer det, men personleg har eg hatt meg med headset på skulen i dag og då er alt håp for konsentrasjon for lengst ute. Så då er det berre å gje seg over til spotify og bloggen.

Vi hadde klatring i gymmen. Eg hatar gym. Og er det noko eg hatar enda meir, så er det klatring. Kvifor? Jo, fordi det går ut på å halde seg fast i nokre klamme kuler på veggen i håp om at ein ikkje dett og slår seg forderva. For der har vi skrekken til Ingrid Wold. Høgder. Høgder frå 50 meter og oppover, fly: null stress joggedress. Men snakkar vi høgder der sjansen er grei for at eg dett og berre får skikkelig vondt, ja då kjem svettekrana på. Så der var eg. I veggen, medan dei andre sa kvar eg skulle setje foten min og handa mi, medan hendene blei klammare og klammare og eg til slutt ga meg og lata som at eg hoppa ned, sjølv om det var tidelar frå at eg glei og slo meg. Enklaste oppgåve i verda det der med klatring har eg høyrd. Eg meinar det. Eg spelar heller basketball enn å klatre. Og er ganske tam i ballsport. GANSKE.

Ok, veldig.

Dette her likar eg mykje betre. Teori. Ah, du kjære historiebok.

Ok, så har eg vel avslørt meg på at eg aldeles ikkje les historie, men bloggar og spotifiserar (hoho, fint ord) i staden. Men eg gjer ikkje berre det!! Eg var nemleg akkurat nede i  kantina og kosar meg i skrivende stund med ei svele og ein kopp kaffe. Eg meinar det, du har ikkje fått svele og kaffe før du har fått deg svele og kaffe på Spjelkavik vgs. Denne gongen har dei laga den LITT sterk i tillegg. Eg lukta faktisk kaffeplantasjen i Afrika då dei fylte i koppen min. Men godt er det. Det burde gje meg nok bensin til å fullføre særemne i kveld. Og politikkframføring.

Hey. Eg tok eit bilete i stad, Som illustrerar kor godt det er med svele og kaffe.

Og eg trengte den andre handa til å ta bilete.

Her er eitt som illustrerar sann sveleglede!

Sjarmerande.

Ah! No kom Joni Mitchell på her. Joni Mitchell – Big Yellow Taxi flott song, flott song. Klassiker! Shuuuuu bapbapbapbapp.

Veit de kva eg gjorde i GÅR då? Eg søkte på folkehøgskule! Dagen før fristen. Yesyes. Eg trur kanskje det er meininga at ein skal søkje på fleire? Eg søkte på Hedmarkstoppen. Eg trur det er atmed Hamar eller noko. Er ikkje heilt sikker. Nokon fleire som har søkt der? Eh? Og de… Eg søkte på.. DRAMA!! Haha. Det skal bli meg eit prosjekt.

Veit de kva anna eg har?

Mjølk. Yndlingsdrikken. Utenom Ananasbrus, men det kan ein ikkje drikke på kvardagar. Og merkar de noko mystisk her? Sjølv om eg er fattig to the bone, greier eg LIKEVEL å fylle magen med mat frå kantina og har i dag brukt ein total på 26 kroner, når eg burde spare dei få kronene eg (ikkje) har. Leitar framleis etter den økonomiske sansen, dersom nokon har sett den.

Okei, veit at dette blei litt vel med informasjon, og at det er vanskeleg å halde de interessert så lenge igjennom ei tekst, MEN veit de kva eg akkurat fann ut?? At A1 OG Bjørn Johan Muri (frå idol i totusenog….seks?) er med i GRAND PRIX! SUPERLOL!! Eksisterar dei framleis? Ærleg talt, Bjørn Johan Muri burde berre blande inn i det anonyme samfunnet igjen som andre smarte avdanka idoldeltakarar. Og så A1 då, herleghet. A1 folkens. Dei hadde EIN hit i.. 99? Det er seriøst visse artistar som aldri burde prøve seg på comeback. Og så i Grand Prix då. Sosialt sjølvmord!! Det verste er jo at dei er vidare til finalen etter det eg har høyrd. Det må vere noko gale med det norske folk. Seriøst gale.

Fattige fattige

31/01/2010

Fattig.

Korleis kan det vere slik at nokon som jobbar fleire vakter i veka er fattig? Korleis? Eg meinar. Eg får faktisk løn annankvar veke, så det burde strengt tatt ikkje vere noko problem. Likevel. Så er eg fattig. Korleis? Jo, no skal de høyre om den flotte lunsjpausa eg hadde i går.

For det har seg nemleg slik, at når eg har lunsjpause på laurdagar går eg bort på rema, kjøper meg ein yoghurt, eit rundstykke, ei frukt og litt til. Gjerne også Dagbladet. Og, tradisjonen tru, gjekk eg bort. Eg visste nok at eg ikkje hadde SÅ mykje pengar på kortet, og at eg hadde vore på kafé fleire gongar denne veka, men sist gong eg sjekka så hadde eg 1200. Så det måtte jo vere nokre hundre igjen då, i det minste. Eg kan avsløre det allereie, at det da var det IKKJE.

Eg gjekk inn, tok meg faktisk ei handlerkorg, og byrja å slengje oppi varer. Eg tok ein boks druer, ein yoghurt, oppskjært Norvegia, ein baguett, ein halvliter med mjølk, ein seksar med pils, to 3-pk med kinderegg og Dagbladet. Stilte meg i køa, den milelange laurdagskøa vel og merke. Deretter slengte eg alt på bandet og når alt var komen forbi pipemaskina stakk eg kortet nedi. Summen var på om lang 250 kroner.

Maskina: “ikke godkjent”.
Eg: EEEH, drit. Kan du slå ut att.. druene og avisa?
Dama: Druene og avisa? Jepp
Maskina: “ikke godkjent”
Dama: osten er jo litt dyr, skal eg slå han ut?
Eg: Ja, gjer det.
Maskina: “ikke godkjent”
Eg: … faen.

Nemte eg at køa var ei MIL lang og alle stirra OG uffa høglytt? Ikkje det? Vel, det gjorde dei.

Etter å ha slått ut alt, utan om kinderegga, pilsen og baguetten, og betalt 40 kroner i tiarar og einkroningar, greide eg altså å betale 110 kroner med kortet. Eg sprang bort igjen på jobben og spiste baguetten min utan pålegg og drakk vatn som ein annan innsatt.

Sukk. Ingen kafebesøk på meg heilt fram til torsdag!!

Eg har ingen økonomisk sans :(

DRITDAG!

29/01/2010

Føkkings dritt.

Eg er i tidenes pisshumør fordi INGENTING er som det skal. Drit altså. No vil eg BERRE ligge i fosterstilling og sparke meg sjølv i magen til anten overkroppen eller underkroppen dett av. Which ever. SMERTE. Bedriten veke.

Eg logga faktisk av heile msndriten fordi eg er sur og ikkje ville prate med nokon. Kvifor? Fordi eg hatar alle og alle hatar meg og eg hatar verda og den hatar meg.

No har eg funne ut at eg IKKJE skal til Bali, men på folkehøgskule! Fordi idiotane på utdanningsmesse (noko eg aldri burde deltatt på) fekk meg til å betvile mine umiddelbare karriereval. Eg har visst sidan TIENDE klasse kva eg skulle studere, men denne veka har eg trudd eg skulle til Bali, arbeide eit år, og det siste nye er altså folkehøgskule. Som stressar meg fordi eg må søke før første februar. Som F-Y-I er på MÅNDAG. JEPP.

Problemet med kunst og teikning er at eg må drive med hekling og strikking også, og gjerne ting med kullstift. Det vil ikkje eg. Eg vil male. Problemet med drama er sjølvsagt at eg må lære replikkar utanåt og at eg ikkje får male, men at eg slepp strikking.

Eg hatar å ikkje vite kva eg skal gjere. HATAR det.

No legg eg meg.

Å herlegdom! No har det hopa seg opp. Eg skal ha både særemne OG politikkframføring på tysdag. Deretter følgjer det ei totimersprøve i sosialkunnskap på onsdag før me endar heile sulamitten med  ein totimers engelsk. HEI OG HOPP, FEST OG BASAR, KJEKS OG VIN – eg kjem til å gå inn i ein tung depresjon og ta nokre emotricks ELLER det presset kjem til å bli for stort og eg bryt saman under presset. ELLER så går det bra, men ein veit aldri. Det lovar ikkje så veldig godt då.

Monsteret symboliserar leksene. Dei vil spise meg.

Eg har forresten funne ein veldig praktisk måte for dykk å setje dykk inn i min skulekvardag. Eg hadde vel egentleg tenkt å ta heile dagen, men det gjekk ikkje heilt, i forhold til skalaen på kurva eg lagde. Eg veit at de realfagselevar ikkje er like glad i å lese slik som oss vanlige, så dette er faktisk for dykk. Eg har.. wait for it.. laga ei grafisk framstilling av humøret mitt ein gjennomsnittleg skuledag. Og JA, den er laga på paint, men det er fordi eg ikkje brukar excel. Av prinsipp. Excel skapar berre problem for meg.

Eg ser no at eg kanskje burde lagd den på Excel, for av ein eller annan grunn blei den veldig uklar. Dette er første gongen paint har svikta meg!! Kva  er det som skjer? Uansett. Den blå kurva er trøythetskruva. Eg kan byrje med å forklare den. Du ser at klokka 07.45 står eg opp og er i ein transe i meir eller mindre heilt til klokka er ca ni-ti, då tida byrjar for å få i seg litt kaffe. Etter det går det oppover, heilt til det toppar seg ved skuledagens slutt då eg byrjar å gå ned til powernapmodus igjen. Men bekymre deg ikkje: vi har kaffetraktar på jobb. Den andre kurva er humørkurva. Som du ser er eg i dritthumør heilt til klokka er sju, då eg går og et frukost. Eg ser at den faktisk burde vere på minussida av x-aksa, men det tenkte eg ikkje på før no, så det går ikkje. Humøret synk til dritsur igjen når eg oppdagar dritveret ute og eg må gå ned til bussen.På bussen får eg sove, så då stig humøre heilt til 18.15, då skulen byrjar.Då stabiliserar seg og eg er mest likegyldig frå den tid. Til klokka er ti byrjar blodsukkeret å bli alt for lavt og humøret synk betraktelig.Eg får ete ei skive og det når ein brå topp.Så går det litt opp og ned, det avhenger av om eg har engelsk eller ikkje. Før gleda kjem og skulen er over, og den igjen synk igjen då eg kjem på at eg skal på jobb.

Eg innser at eg har skrive eit heilt avsnitt om humøret mitt utan poeng eller grunn, men eg gjorde meg faktisk flid med den grafen!

Solveig kom akkurat og delte at det var ein heilt feil graf. Ho meinte den burde vere sånn.

noko som er heilt FEIL. Eg skjønar det ikkje ein gong. Det er faktisk heilt motsatt. Eg lagar ein ny og meir korrekt graf!!

Drit i den øvste grafen. Dette er jo åpenbart! Eg visste ikkje va eg tenkte på ein gong.

For å demonstrere det gode humøret mitt:

:) :) :) :) :) :) :) :) :) :) :) :) :) :)

SMIEFJEEEEESARARAR

HHHHHHAAA. Kom og kjøp blomster i dag då.

ENDELEG!

28/01/2010

ENDELEG ferdig med handball-EM, handballen har rulla på TVen vår sidan.. ja, lenge sidan i alle fall!! Skjønar ikkje kvifor dei gidd å sende noko slikt på TV uansett. Skuffelsen blir berre større og større dess lengre vi kjem. Eg har i alle fall fått nok no. Dei andre i huset har tydelegvis IKKJE fått nok, sidan ein viss insisterar på å sjå kampen mellom Kroatia og Danmark på TV i skrivande stund. Gjerne det!! Herleghet så ufatteleg keisamt og uinteressant. Skal eg sjå på sport skal det innebere NOREG (eller MoldeFK), vi skal vere FLINKE, det skal vere kjekt, og vi skal VINNE. Er det for mykje å be om? Ærleg talt.

Men. Eg er ferdig med tidenes mest keisame dag på skulen: utdanningsorientering. Med det resultat at eg gjekk frå å vere rimeleg sikker på kva eg ville til å vere usikker. Takk for den. Og ferdig med ein litt keisam dag på jobb, kvar er alle mine faste kunder? hm hm?

Neinei. Eg har egentleg ingenting interessant å blogge om, men bloggar likevel. Kanskje er det fordi at eg har gått frå å blogge kvalitet til å blogge kvantitet i staden? Halde på lesarar? Bloggwhore much?

Alle desse er spørsmål eg veljer å unngå. I alle fall i dag. Og dessutan kan ein ikkje vere blogghore når ein har wordpress. Sanne blogghorer held til på blogg.no (ÆSJ)!!

Og det er ikkje spørsmål som eg ventar at de skal svare på i alle fall! For de har berre dårlege svar uansett. Hehe!

Ja. No er eg ferdig for i kveld. Natta!

Eg skjønar ikkje kven som ga oss idéen eg? Å gå inn på fotostanda på yrkesmesse og få tatt “venebilete” av oss. For det første er det eit litt tvilsomt konsept, det skal seiast, og vi burde jo lukta at det kom til å bli eit ikkje-så-vellukka bilete. Marte ser jo sjølvsagt ubersøt ut som ho alltid gjer, medan eg er retard nummer 1, og Solveig den trufaste retardhjelparen min. Eller omvendt. Alt ettersom.

Herlighet. De veit jo at eg ikkje ser så evneveik ut i røynda!! Og eg trur eg aldri har sett Solveig så glad. Haha!

Uansett. Sa eg at eg oppdaga kva som var feil med alarmen min? Har eg klaga over at eg til stadigheit forsøv meg? Vel. Den har nemleg drive å sjølv valt kva for dagar den har lyst til å vekkje meg på, noko som eg tykkjer er for det første merkeleg, og for det andre dårleg gjort. Eg meinar – elektriske duppedittar likar meg ikkje noko spesielt, det har eg for lenge sidan konstatert, men det finst grenser!! Uansett. I går sjekka eg datoen og såg at den stod på 27.januar 2009. Litt kalenderforvirra altså, det var som vanleg min eigen inkompetanse som stod i vegen. Supert!!

Men i dag vakna eg til riktig tid, og fekk til og med testa ut den vasstette radioen min som eg har hengt opp i dusjen no. Petre inni dusjen. Herlegdom, herlegdom.

Uansett. Eg skal logge av no snart. Nettlappen sin server har SJØLVSAGT klikka dagen før eg planla å ta lappen slik at eg garantert kjem til å stryke.Takk for det. Eg betalte til og med TJUEFEM kroner for ein dag, og no får eg ikkje bruke det! Dei skal få høyre frå meg altså, det er sikkert!

Eg får besøk no snart. Litt krydder i det til vanlege ikkje-eksisterande sosiale livet mitt.

Dette skjer nesten kvar gong eg er på norske konsertar, der dei norske artistane skal uttale engelswke ord. Dei drevne artistane som spelar inn CD og slikt har jo kontrollen på dette.

Eg var på ein konsert, her eine dagen då nokon skulle synge solo til ein engelsk song. Eg skjønar at ikkje alle har perfekt engelsk uttale, eg skal ikkje skryte på meg noko sjølv, men det finst faktisk grenser på kor elendig uttalen skulle vere da. Noko som for meg verkar ogisk når du skal stå framføre ei folkemengde og synge er at du vil ha best mogleg prestasjon. Ein jobbar med til dømes haldning.. stemme… utsjånad… UTTALE. Nei? ingen jobbing med uttalen? Lat oss sjå på eit typisk døme. Alexander Rybak som greide å vinne heile Melodi Grand Prix for så å ta resten av Europa med storm. Etter mi pipe meinar eg at han hadde ein heilt skada engelskuttale, men han greide å vinne stemmene til fleirtalet i mange av dei europeiske landa, så det var vel kanskje berre eg som merka det.

Greit. Litt norsk aksent på uttalen kan vere sjarmerande og greitt det. Men det er eitt ord som ALLTID føkkar opp meininga med sangen.

Folkens. BUTT er IKKJE det samme som BUT. BUTT betyr RUMPE – BUT betyr men.IKKJE LGG TRYKKET PÅ T-EN! det er ikkje verre enn det.

Ser ein på desse setningsdelane som døme: But I have og Butt I have. Men eg har , og RUMPE eg har.

Så eg sluttar med ein appell til det norske folk. Kjære Alexander Rybak, kjære vener, kjære solistar i vårt langstrakte land og kjære dykk som held tale: La ikkje folk som meg sitje heime å facepalme til panna vår blir raud, og du står der og bæsjar på leggen gang på gang på gang. Ta mot til deg! Innsjå sanninga. But skal ikkje uttalas med dobbel T på slutten!

I dag har eg vore på landevegskøyring. Eg hatar å ta lappen. Eg hatar å køyre. No har eg lest Veien til Førerkortet dei siste fire timane og er ikkje komen halvvegs. Eg har ærleg tala aldri stått over  for ei slik keisamheit som den boka. Eg har lyst til å brenne ho. Pluss at ho er på bokmål. FY!

Eg kom meg heim då, ganske tidleg i dag. Det var jo flott. Men huset var om lag like kaldt som kjøleskåpet vårt så det var ikkje så veldig koseleg å sitje inne å lese.

Jepp. Mange klagefaktorar i dag. Ein stor grunn til dette er at eg er komen inn i PMSperioda mi og er då ENDA meir dritsur om ettermiddagane enn vanleg. I tillegg har eg ikkje ete. Lavt blodsukker. Og de veit, om ein ikkje forar Ingrid, då blir det Wold! (Eg veit ikkje kvar den kom ifrå. Eg  veit heller ikkje kvifor eg ikkje tar den bort.) Men seriøst. Det er like før eg klabbar til nokon.

Eg var på Clas Ohlsson i dag før eg for heim att. iPoden min har vore daud sidan i fjor vår og i dag gjekk eg inn og spurde om den billigaste, største piece of shit av ein mp3spelar eg kunne få. Eg brydde meg ikkje om det var gjennvunne fleecegensrar frå Sør-Korea ein gong. Berre eg kunne høyre musikken min. 14åringen (eller 25åring i kroppen – og stemma – til ein fjortenåring?) som jobba der, og av ein eller annan grunn IKKJE var på skulen kunne anbefale ein tingest med heile 4 GB for litt over trehundre kroner. Stort display og rett og slett fantastisk for prisen.

Eg har no lada den med batteri og musikk eg, og fantastisk er IKKJE ordet. Eg veit at eg spurde om ein billig drit, men det går no an å la vere å lyge til meg! Eg såg no ikkje på den når eg kjøpte den ein gong. For det første, fann eg ikkje fram til noko meny der eg kunne bla i musikken min (noko som eg som forbrukar ser på som praktisk) den har TO hol til headset. Kva er DET for?? Den er LOL stor og INSISTERAR på å seie “Welcome!!” i TI sekunder (eg talte!) før den slår seg på. Du lurer på kva for merke det er? Vel. Det står ikkje ein gong på. “Mp3 digital audio player” står det berre. Og med eitt bilete av nokre megalol fjortissar som står og diggar til mursteinen sin.

På tross av at den er stygg og at ClasOhlssonguten fortalte mykje skrøner til meg for å få meg til å kjøpe den, er eg glad for at eg endeleg kan høyre på musikk på bussen, i staden for inkompetende yrkesfaglige utan sosial kompetanse som ABSOLUTT skal sjå på step by step på bussen- UTAN HEADSET. Som nemnt ein dag før..

Her er dei to headsethola. Framleis like glad.

I tillegg til det har Facebook DØYDD i dag. Twitter har forøvrig ikkje døydd, men det er berre @finansnyheter og slike som kjem med oppdateringar. KILL ME.

I morgon skal eg blogge igjen. Då skal de få lære noko viktig!!!!

hat hat hat hat

25/01/2010

Her er alt som gjer ein måndagsmorgen verre enn den allereie er:

  • Eg forsøv meg med 8 essensielle minutt, alarmen har gått av 3 gongar og eg har ikkje ensa den. Steik for eit stress i dag tidleg.
  • Det har snødd ein cm med snø, slik at du ikkje ser kor det er glatt. Vegen min til bussen er 12 minutt med bakke.
  • Bussen er forsenka, eg står og ventar i 5 minutt. 5 minutt eg kunne brukt i senga.
  • På bussen finn eg det perfekte setet. Vekke frå ljoset slik at det går an å sove. Kven sit bak meg? To idiotar som insisterar på å sjå på ein lol komiserie på laptopen UTAN headset. Det var like før eg knuste skjermen. Det som er så trist er at om eg hadde knust skjermen hadde eg sikkert høyrd lyden likevel.
  • Eg skal på yrkesmesse med skulen i dag. Eg trudde eg skulle sleppe gymmen. Neida. Yrkesmessa byrjar RETT etter dei to timane våre med gym. Eg hatar gym.

Eg hatar måndagar. Eg hatar morgonar. Eg hatar glade menneske om morgonen. Eg hatar å stå opp. Eg hatar å lage niste. Eg hatar å ete frukost. Eg hatar vitamintablettar. Eg hatar glatte vegar. Eg hatar kulde. Eg hatar idiotar. Eg hatar verda. Eg hatar gym, og spesielt hatar eg gymlærarane mine.

LILLA?

24/01/2010

I dag, på nettavisa til Romsdals Budstikke fekk eg ein lettare hjartestans når eg fekk bekrefta det eg hadde høyrd kvelden før.

Eg fekk sjå eit bilete av vår godeste Magne iført ei LILLA Moldeskjorte.

Det såg ca slik ut:

Og eg såg ca slik ut:

(aaah. Webcambilete ein trur ein aldri får brukt. Det kjem alltids ei anledning)

Og så såg eg slik ut:

Det var på tide og sleppe ut litt aggresjon. Deretter blei det slik:

(igjen.. du trur du ikkje får brukt dei.. )

Og så leste eg vidare i artikkelen då, og finn ut at NEI, Ingrid: take a chill pill, det er TREDJEdrakta som skal vere lilla. Men kva er tredjedrakt? Jo, ei lol lilla drakt dei brukar i lol kampar mot lol lag som.. sandefjord og slikt.

Så då var det egentleg greitt. Men det var like før eg skreiv eit sint lesarbrev til både sumpen (der hadde det SIKKERT blitt godt mottatt, du) eller Romsdals Budstikke. Men altså, ingenting i bekymre seg for, så no ser eg slik ut:

okei, åpenbar løgn. Eg har vore på skitur og det er sundag. Det er IKKJE slik eg ser ut.  Ikkje så veldig bloggvenleg look i dag.. For å seie det sånn.